Erling Folkvords foredrag 24. april 2010
på landssamlinga til Foreningen Romanifolkets Kystkultur på Solstrand
Takk for innbydinga. For meg er det ei ære å bli beden om å halde ei innleiing om desse spørsmåla hos dykk.
Litt om meg sjølv: Er miljøarbeidar i det som med eit merkeleg ord blir kalla rusmiddelomsorg i Oslo. Har arbeidd mest på gata dei siste 22 åra.
Dei fleste åra frå 1983 og til i dag har eg vori bystyrepolitikar i Oslo. For Raud Valallianse tidlegare og no dei siste åra for Rødt, same parti med nytt namn. Frå 1993 til 1997 var eg stortingsrepresentant.
***
Både for min eigen del og på vegne av partiet er eg stolt av at vi tør å stå oppreist i motvind og at vi tør å ta standpunkt som den politiske makteliten ikkje er glad for. Rødt meiner at kunnskap om eigen kultur og eiga historie er viktig for alle. Det er særleg viktig for undertrykte folk.
Ei ung kvinne som eg på 1990-talet møtte da eg besøkte geriljaen i dei kurdiske fjella, spissformulerte kor viktig historia vår er:
”Et samfunn som ikke kjenner historien er glemsk. I en slik sammenheng er kurdiske kvinner svært glemske, fordi de ikke kan sin egen historie.”
Derfor brukte og bruker den kurdiske frigjeringsrørsla ein stor del av tida og kreftene på opplæring i eige språk og skolering om sitt eige folks historie.
* * *
Fordi Rødt meiner at ingen skal utsetjast for diskriminering på grunn av kulturell eller etnisk bakgrunn, bestemte vi oss for å få romanifolkets rettigheter opp på Stortingets dagsorden. Vi visste jo at romanifolket, dei reisande, hadde vorti grovt forfølgt av den norske staten og at diskriminering framleis var vanleg. Men vi meiner også at den norsk-norske delen av befolkninga i Norge har interesse av å få slutt på undertrykkinga av romanifolket.
Karl Marx sa ein gong at:
"Eit folk som undertrykkjer andre folk, kan ikkje sjølv vere fritt".
Eg trur den setninga er like gyldig i dag som for 150 år sia.
***
Eg hugsar at ein dokumentarserie om dei reisande, på TV2 hausten 1994 gav oss eit bra puff for å kome i gang.
Å ta opp Romanifolket si sak i Stortinget var lite akseptert, for å si det forsiktig. Uansett kva urett ein tater vart utsett for, erstatning hadde ho heller han i alle fall ikkje krav på. Det var liksom opplesi og vedtatt.
Etter eg hadde jobba lenge med romani-saka fekk eg besøk på Stortinget av Åge Hovengen, som hadde vori stortingsrepresentant i 16 år fram til 1989. Han takka for at Rødt hadde tatt opp denne saka, og var nok litt lei seg for at han sjølv aldri kom så langt. Han sa også litt om kva som var det rådande synet i Stortinget:
“-Hvis du her i Stortinget tok til orde for erstatning til noen av de reisende, da hadde du dumma deg ut”, sa Åge Hovengen .[1]
Han var jo elles sjølv kjend som ein stortingsrepresentant som ofte tok opp saker for enkeltpersoner og grupper som blei overkjørt av makta. Men han kom aldri så langt som til å foreslå at romanifolket hadde rett til erstatning frå staten.
Etter langvarig førearbeid og samtalar med både organisasjonar og enkeltpersonar leverte eg utpå våren 1996 eit forslag i tre punkt til Stortingspresidenten:
1. Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om oppreisning for taterne som gruppe og om erstatning til tatere (personer som tilhører romanifolket) som har vært utsatt for etnisk rensing eller andre typer overgrep fra den norske staten eller fra instanser som reelt har handlet på vegne av offentlig myndighet.
2. Fra og med neste års statsbudsjett bevilges midler til organisasjoner og tiltak som har til formål å ivareta taternes/Romanifolkets kultur og deres minoritetsrettigheter.
3. Stortinget anerkjenner at taterne/Romanifolket er en etnisk minoritet i Norge, adskillt fra både sigøynerne og andre nasjonale eller etniske minoriteter.
Før eg går meire inn på koss det gjekk med desse tre forslaga, synst eg det er riktig å seie litt om bakgrunnen. I fortsetjinga skal eg snakke om:
1. Kva slags karakter hadde den norske romani-politikken i storparten av det 20. hundreåret?
2. Stortingsdebatten 6. desember 1996.
3. Om norsk offisiell romani-politikk det siste tiåret har stått i eit rimeleg forhold til det som tidlegare var den statlege politikkens karakter.
4. Mot slutten skal eg nemne nokre enkle tiltak som eg synst er nødvendige.
***
1. Kva slags karakter hadde den norske romani-politikken i storparten av det 20. hundreåret?
Kong Kristian III gjorde alle tater fredlause midt på 1500-talet. Kristian IV sende i 1589 ut eit kongebrev med ordre om å fange alle tater og drepe dei ”uten nåde”.
Så seint som i 1907 vart det organisert ei taterjakt i Gauldalen i Sørtrøndelag. Bakgrunnen var at ei 6 år gammal jente hadde forsvunni i Oslo. Ein synsk 13- åring, Johan Fløttum fra Singsås, meinte at eit taterfølge hadde kidnappa jenta og gjømte seg i ei berghule i Flå. Det vart organisert ei storstilt «taterjakt», der nære på 1 000 mann deltok. Dei skulle , sprenge seg inn i hula med dynamitt.
Under jakta oppstod det eit rykte om at lokale «tatere» hjelpte dei som var i hula i Flå. Dei vart derfor arrestert og internert, utan lov og dom, på grunnlaus mistanke.
Året etter vart liket av jenta funni i Oslo. Ho hadde truleg ramla ned i ein kloakkum mens ho leika seg.
14 år seinare, i 1921 la ein Ap-representant i Sør-Odal kommunestyre fram eit forslag om å gjeninnføre tiltaka frå Kristian IVs kongebrev. Han sa at ”det greieste er at skyte dem”. Kommunestyret avviste forslaget med 15 mot 8 røyster. Den gongen vart vedtaket gjengitt som om det betydde at ”det herefter skal være forbudt at skyte tatere”.
I mellomkrigstida var rasehygiene god tone i fleire radikale miljø. Den slags var ikkje noko som vart skapt av den tyske nazismen, sjølv om både Hitler og Quisling slutta seg til dei rasehygieniske ideane.
Overlege Johan Scharffenberg, som framleis har ettermæle som ein radikal humanist, oppsummerte sitt syn i eit innlegg i Socialdemokraten i 1930:
«Helt vil man aldri bli kvitt omstreifervesenet, fordi det stadig får nytt tilsig av defekte og forulykkede individer. Men samfundet har i allfall radikale midler til å forebygge at omstreiferne setter barn inn i verden: Internering eller sterilisasjon».
I ”Hovedpunktene i Arvelæren” to år seinare skreiv han at
”Samfunnet må ha rett til å gripe inn mot deres forplanting, og da ekteskapsforbud ikke hindrer barneavl, er de eneste brukbare midler internering eller tvungen sterilisasjon.”
I ein kronikk i Arbeiderbladet ga han klar beskjed:
”For det som er urent av natur kan det ikke være noe håp. Ingen vask kan gjøre tateren hvit.”
I parken nedafor Polithuset i Oslo står det i dag ein statue til minne om Scharffenberg. Eg har sans for han som under ei kransenedleggjing ved den statuen på 1990-talet, tok til motmæle med parolen: ”Ingen krans til en taterhater”.
Steriliseringslova, som vart vedtatt mot 1 røyst i Odelstinget 9. mai 1934, gjorde det lovleg å setje Scharffenberg, og mange andre sine tankar ut i livet. Vi veit ikkje i kor stor grad det vart gjort.
Generalsekretær I. B. Carlsen orienterte «Misjonens» årsmøte i 1935 om bruken av den nye lova. Han skreiv at «vi har allerede benyttet oss av det i flere tilfeller» og han avslutta med ei generell melding:
«Antar alle er enige - kristen barmhjertighet tilsier å hindre den slags barn å bli født: Uforsvarlig å sette en barnesjel på 7-8 år til å styre et voksent legeme som er besatt av all verdens demoner».
På «Misjonens» årsmøte i 1937 argumenterte også ein autoritet som dr. med. Ørnulv Ødegård for å hindre tatere i å få ungar: «Spørsmål om sterilisering er aktuelt for å hindre disse anlegg å forplantes».
Ei kvinne som vart tvangssterilisert har fortald meg at det i sjukehusjournalen frå 1964 står at ho vart sterilisert på ”på sosialt og eugenisk grunnlag”. Eugenisk betyr det same som rasehygienisk.
Ragnhild Schlüter, ein av dei som har gjort ein stor innsats for å dokumentere, ga for 18 år sia ei grei samanfatning av den norske taterpolitikken:
«Myndighetenes politikk overfor de reisende har alltid gått ut på å utradere dem, enten gjennom ren utryddelse, eller ved å få de reisende til å oppgi sin levemåte. Denne politikken var basert på en oppfatning av de reisendes kultur og levemåte som negativ, til skade for vanlig fastboende folk og for de reisende selv. (De reisende - en glemt minoritet, 1990, side 43).
Då Schlüter skreiv dette for 20 år sia, hadde det i Norge vorti vanleg å bruke begrepet etnisk rensing om den slags, dersom det skjedde nokre få timars flyreise lenger sør. Den siste tvangssteriliseringa i Norge som eg har fått høyre om frå ho som var utsett for det, skjedde på 1970-talet.
Vi må ta inn over oss at målet for statens taterpolitikk var fysisk utrydding kombinert med kulturell tilinkjegjering. På grunnlag av beskrivingar eg har fått frå gjenlevende, veit eg at mye enno ikkje er avdekka. Det gjeld både omfanget og råskapen i metodane. Spørsmålet er kor mykje som blir avdekka før dei gjenlevande døyr.
Dette var litt av det Rødt hadde som bakgrunn da eg leverte dei tre forslaga i Stortinget i mars 1996.
2. Stortingsdebatten 6. desember 1996.
Før saka kom opp i Stortinget fekk eg besøk av to sterke kvinner. Dei prøvde å overtale meg til å trekke alle dei tre forslaga. Dei fortalde meg om korleis dei sjølve hadde fått merke romani-undertrykkjinga på kroppen. Dei hadde bestemt seg for å leve resten av livet som om dei ikkje var av romanislekt. Dei frykta at stortingsdebatten ville føre til at dei igjen ville bli møtt med forfølgjing og trakassering. Møtet med dei to gløymer eg aldri. Vi vart ikkje einige. Men eg skjønte meire av kor brutal og inngripande romaniundertrykkjinga har vori i Norge.
Stortingsdebatten vart prega av gode ord.KrF og SV gjekk lengst i retning av å støtte forslaga frå Rødt. Dei to partia snakka tydeleg om alvoret i det statlege overgrepa.
Saksordførar Anita Apelthun Sæle (KrF) sa m.a.:
”Fengsling utan lov og dom var regelen meir enn unnataket. Det var faktisk ogsså strenge straffer for å gje husly til dette folket. (…) I tillegg til tvangsinternering, tvangssterilisering og kastrering er det kanskje 1 500 born som har vorte fjerna med makt frå foreldra sine. Somme er faktisk forsvunne. (…) Eg føler behov for frå denne talarstolen å be om unnskyldning for all den lidinga som storsamfunnet har påført denne vesle minoriteten i Noreg.”
Lisbeth Holan (SV) avslutta innlegget sitt slik:
”Vi må få mer kunnskap på bordet. Vi har ikke gjort vårt med behandlinga i Stortinget i dag. Vi må våge å se virkeligheten i kvitøyet hvis vi virkelig skal klare å ta et oppgjør med den skammelige undertrykkinga og trakasseringa som storsamfunnet har utsatt taterne for.”
Forfattaren Anne Holt (Ap) var justisminister den gongen.
Mot slutten av debatten i Stortinget utfordra eg henne med å nemne eit eksempel med ein mann som vart fjerna frå foreldra sine i første leveåret. Som tenåring vart han kastrert. Advokaten hans skreiv til meg at ungguten vart sett til å utføre slavearbeid. Han fann igjen foreldra sine etter 23 år.
Etter å ha lesi opp litt av brevet frå advokaten, spurde eg justisminister Anne Holt om ho, bl.a. på bakgrunn av dette konkrete eksemplet, kunne vere einig i at taterpolitikken handlar om menneskeskjebnar, som vart utsette for overgrep som ikkje vart dekt opp av den daverande erstatningslovgivinga i Norge. Eg skal gjengi heile svaret frå statsråden, slik det er trykt i stortingsreferatet:
”Vi har gode erstatningsregler i Norge. Vi har regler om erstatning for økonomisk tap, med de vilkårsforutsetninger som der ligger, vi har oppreising for ikke-økonomisk tap, som er ment å være et slags « plaster på såret » for krenkelser man er blitt utsatt for, og for å fange opp dem som faller utenfor begge disse ordningene, har vi ordningen med billighetserstatninger. Så jeg er av den klare oppfatning at vi i dag har ordninger som er tilstrekkelige for å ivareta dette. Men jeg er opptatt av rettferdighet - egentlig er jeg rettferdighetsminister, det er det justisminister betyr.”
Justisminister Holt var heilt på linje med eit breitt fleirtal i Stortinget. Ap, H, Sp, FrP og V samla seg om å avvise det første av dei tre forslaga. Det som var det forslaget som ba regjeringa lage ei ny erstatningslov for personar som er frå romanifolket og har vori utsette for overgrep.
Dei andre to forslaga vart sende til ”Regjeringa til utgreiing og uttale” som det står i Stortingsprotokollen. Regjeringa vart beden om å arbeide vidare med forslaget om statsstøtte til kulturtiltak og forslaget om å anerkjenne Romanifolket som etnisk minoritet.
Det var berre FrP som ville avvise desse to forslaga og. Jan Simonsen (FrP) avslutta innlegget ssitt slik:
”Folkvord har lånt øre til aktivister. Han har skapt fortvilelse blant mange reisende. Han har skapt uro og ikke minst splittelse blant folk med bakgrunn som reisende. Folkvords forslag er i utgangspunktet altfor negativt og skadelig for dem det angår, og for det norske samfunn til det fortjener å bli vurdert, slik komiteflertallet ønsker.”
***
Eg meiner stortingsbehandlinga av Rødt-forslaga i 1996 førte kampen for Romanifolkets rettigheter eit bitte lite steg i riktig retning. Der og da hadde eg ei følelse av at Rødt hadde gjort noko nyttig i ei sak som ingen andre parti hadde sett på Stortinget sin dagsorden. Samtidig visste eg jo at det lille vi oppnådde, det hadde vi aldri fått til utan den store innsatsen frå mange romani-aktivistar. Simonsen (FrP) hadde heilt rett då han sa at ”Folkvord har lånt øre til aktivister.” Ja, eg oppsøkte romani-aktivistane for å lære av dei.
3. Har norsk statleg og kommunal romani-politikk hittil i dette hundreåret stått i eit rimeleg forhold til det som tidlegare var statens politikk?
Eg meiner storting og regjering ikkje har tatt eit åpent og grundig oppgjer med taterutryddingspolitikken. Stortinget vedgjekk motvillig at mange overgrep hadde skjedd, men dei tok ingen tiltak for å avdekke omfanget og få til eit skikkeleg oppgjer med årsakane til overgrepa.
Dei har heller ikkje sett i verk tilstrekkelege tiltak for å forebygge gjentaking. Det siste er ein følgje av det første.
Men vi skal ta med oss at det etter stortingsbehandlinga av Rødts forslag i 1996, gjekk mindre enn halvanna år før statsråd Queseth Haarstad på vegne av Bondevik-regjeringa i februar 1998 ba romanifolket om unnskyldning. Den første Stoltenbergregjeringa gjentok dette eit par år seinare:
Regjeringa ber om orsaking for dei grove overgrepa romanifolket har vore
utsett for av eller med aktiv støtte frå legale, norske styresmakter. For å bøte på
denne uretten vil regjeringa opprette eit senter for dokumentasjon og formidling
av kulturen og historia til romanifolket. Senteret blir plassert på Glomdalsmuseet
på Elverum med sikte på byggjestart i 2002. [St. meld. nr. 15 (2000-2001)]
5-6 år etter stortingsdebatten vart det omsider bevilga pengar til ei eiga avdeling på Glomdalsmuseet på Elverum.
Og det kom i gang ei ordning med statlege tilskott til litt kulturarbeid.
Og før dette – i 1999 - vedtok Stortinget at Norge sluttar seg til Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoriteter. Romanifolket, sigøynarane, kvenane, skogfinnane og jødane fekk status som nasjonale minoritetar, dvs. minoriteter med langvarig tilknytning til landet.
***
Men eg meiner dette enno ikkje er så mykje meire enn ord.
Og der det er meire enn ord, dvs. der det er gjort noko som er synleg, der ser vi at det er noko som manglar. Den nye avdelinga på Glomdalsmuseet på Elverum viser viktige glimt av taterkulturen. Dette er viktig og eg trur det kjem til å ha ei veldig sprengkraft i dei nærmaste åra.
Det er så alt for synleg at regjeringa ikkje ønskjer at museet i tillegg skal vise fram den usminka sannheta om korleis den statlege undertrykkjinga var del av ein systematisk politikk for å fjerne ei minoritetsbefolkning og likvidere ein kultur.
***
Som eg nemnte stod Stortinget for 13 år sia samla om å avvise forslaget om
erstatning til tatere (personer som tilhører romanifolket) som har vært utsatt for etnisk rensing eller andre typer overgrep fra den norske staten eller fra instanser som reelt har handlet på vegne av offentlig myndighet.
Istaden har staten sagt det må vere nok med billighetserstatning. Det er nødvendig å seie litt meire om billighetserstatningsordninga. Billighetserstatning er ifølgje Wikipedia eit juridisk samlebegrep
”for økonomisk godtgjørelse som kan gis i tilfeller der man lider tap som det ellers ikke finnes muligheter til å få erstattet direkte etter lover og regler.”
Det går an å seie det litt enklare og meir uformelt: Billighetserstatning er ei ordning som er så billig for staten, at det ikkje blir noko som liknar på erstatning for den som har vori utsett for statsstyrte overgrep.
Det var i si tid bra å få ei slik ordning for særlege, enkeltståande unntakstilfelle. Men no har regjering og storting fleire tiår i aukande grad misbrukt billighetserstatningsordninga for å sleppe å ta eit oppgjer med systematisk urett som er ein følgje av vedtatt statleg politikk. Dei systematiske statlege overgrepa mot romanifolket høyrer ikkje heime i billighetserstatningsordninga.
Og den vegringa som den statlege makteliten har mot å innrøme korleis staten sin politikk var, slær igjennom på andre område og, slik som eg nemnte med den nye avdelinga på Glomdalsmuseet.
Eit anna eksempel: Samanlikna med andre kommunar vedtok Oslo bystyre i 2006 den beste vederlagsordninga for tidlegare barneheimsborn som vart utsette for omsorgssvikt eller overgrep. Men det viser seg at fleire barn frå taterfamiliar fell utanom ordninga. Årsaka er dels at sekretariatet som har behandla dei fleste søkjarane på ein ålreit måte, har lagt seg på ei innsnevrande og ekskluderande regeltolking overfor ein del søkjarar av romanislekt. Vi som laga ordninga i 2006 har eit medansvar for dette fordi vi ikkje sørga for å få inn eit konkret punkt mot romanidiskriminering. Vi visste jo at tater i enda større grad enn andre bl.a. er ramma av dokumentøydeleggjing og det aller mest sinnrike av utestengingsmetodar når dei krev innsyn i arkiv.
***
Ein leiarartikkelen den fleirkulturelle avisa Utrop i fjor haust handla om retten til å ta vare på språk og kultur og om faren for ein ny og forsterka rasisme i Norge. Redaktøren skreiv at inkludering av innvandrarar
bør i praksis bety at integreringspolitikk bør bidra til å lære norsk, få jobb, delta i samfunnet og få mulighet til å være likverdige borgere, og samtidig beholde sitt språk og kultur og utøve sin religion. (…) Blir du derimot fratatt språket ditt, får du et kulturelt hull. Du blir fremmedgjort, og får avstand til majoritetssamfunnet. (…) I regjeringens liste over integreringstiltak er det ikke et eneste tiltak som er ment å bidra til at innvandrere kan beholde sitt språk eller kultur. Regjeringen er opptatt av å assimilere fortest mulig. (…) I motsetning til tradisjonell rasisme som forskjellbehandlet mennesker på bakgrunn av biologiske forskjeller eller rase, er den nye formen for rasisme basert på kulturelle og religiøse forskjeller. Denne kulturelle rasismen som oppstod blant radikale høyreintellektuelle krefter på kontinentet på slutten 1960-tallet, har seget sakte men sikkert inn i norsk politikk i løpet av den rødgrønne regjeringens stortingsperiode, og er blitt en legitim form for rasisme. Dersom ikke regjeringen er bevisste på dette, vil vi få enda fire nye år med forsterket nyrasisme.” [Mine uthevingar. EF. Heile artikkelen finn du her: http://www.utrop.no/Plenum/Kommentar/17229 ]
Når redaktøren, som er tamil frå Sri Lanka, snakkar om ”tradisjonell rasisme som forskjellbehandlet mennesker på bakgrunn av biologiske forskjeller eller rase” treffer han den gamle taterutryddingspolitikken svært presist. Når han omtalar ”den nye formen for rasisme basert på kulturelle og religiøse forskjeller”, grip det rett inn i den diskrimineringa folk av romanlislekt møter i dag.
Konklusjonen min er at verken statleg eller kommunal romani-politikk hittil i dette hundreåret har stått i eit rimeleg forhold til det som tidlegare var statens politikk. Så lenge staten ikkje tar eit åpent, langvarig og allsidig politisk oppgjer med taterutryddingspolitikken, vil ålreite og velmeinte enkelttiltak bli prega av grunnleggjande manglar – og kvardagsdiskrimineringa får fortsetje.
4. Fem forslag til tiltak for å forandre norsk taterpolitikk. (I uprioritert rekkefølgje):
For det første: Staten må ikkje berre i ord, men også i praksis anerkjenne romanifolket som minoritet med dei rettane som følgjer av dette. Artikkel 1-17 i Den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar gir ei grei oppskrift som må konkretiserast. Stortinget bør vedta ein detaljert marsjordre både til statlege organ og til kommunane – som er like forplikta av rammekonvensjonen som dei sentrale statsorgane. Ein slik marsjordre må handle om å setje ut i livet ein ny, romanianerkjennande politikk på område etter område.
Bl.a. fordi undertrykkjinga har vori så hard i Norge, er det og viktig å respektere artikel 3 som seier at ein person sjølv fritt skal ha rett til å velje om ho eller han vil bli sett på som medlem av minoriteten.
For det andre: Stortinget må i lovs form vedta ei særskild vederlagsordning for dei gjenlevande etter taterutryddingspolitikken. Det vil seie at alle som er av romanislekt og vart utsette for overgrep, skal løftast ut av den nedverdigande billighetserstatningskøen. Og dei som før anten har fått avslag på billighetserstatning eller som har fått tildelt nokre kroner, dei skal automatisk få rett til å få sakene vurdert etter den nye vederlagslova.
Det går til ein viss grad an å ta utgangspunkt i bra sider ved vederlagsordninga som Oslo bystyre i mai 2006 vedtok for tidlegare barneheimsbarn. Den ordninga er bra fordi bystyret la opp til ei enkel saksbehandling med maks 6 månaders saksbehandlingstid og fordi utgangspunktet er at ein skal tru på det som personar forteljer om overgrep og omsorgssvikt. Ordninga krev ikkje at søkjaren må avgi nye, detaljerte forklaringar om gamle overgrep.
Men det er og viktige skilnader. Vederlagsordninga i Oslo gjeld jo berre vederlag for lovbrot. Ei vederlagsordning for romanifolket vil i stor grad handle om ”lovlege” overgrep, ganske enkelt fordi lovgivaren sjølv i fleire tiår hadde kulturell utsletting og/eller fysisk utrydding som mål. Da må vederlagsordninga få eit vesensforskjellig innhald samanlikna med vederlagsordninga for tidlegare barnevernsbarn. Overgrepa mot romanifolket var jo ein del av statens politikk.
For det tredje: Eg er for å opprette ein ”sannhetskommisjon”, slik Helsingforskomiteen har gått inn for. Dette må bli eit tiltak for å avdekke det norske samfunnet sine overgrep gjennom fleire generasjonar. Dette handlar altså ikkje først og fremst om å vise fram romanikulturen. Dette handlar om å avdekke statens forsøk på å utslette denne kulturen. Dette er viktigare enn enkeltvise erstatningar, men ein sannhetskommisjon må følgjast opp med eit parallelt vederlagssoppgjer til dei av dei gjenlevande som ønskjer det. Eg ser for meg at sannhetskommisjonsarbeidet blir ein omfattande prosess som fører til at mest muleg blir henta fram og gjort offentleg og gratis tilgjengeleg.
For det fjerde: Både den norske taterutryddingspolitikken og den verkelege, levande romanikulturen må få brei og prioritert plass i lærebøker og i den praktiske undervisninga i samfunnsfag og nyare norsk historie både i grunnskole og i vidaregåande. Romanikulturen og det vanlege levesettet blant tater skal beskrivast på sine eigne premissar og utan alle dei stornorske nedvurderingane vi er vante med. Uavhengig av dette må morradagens lærebøker beskrive taterutryddingspolitikken både ut frå statens eige perspektiv, ut frå eit moderne menneskerettsperspektiv og ut frå perspektivet til dei som vart utrydda eller forsøkt utrydda. Begge desse emnene skal vere med i læreplaner og lærebøker for dei ulike alderstrinna i skolen.
Dette handlar ikkje berre om å gjere historieundervisninga mindre misvisande og mindre diskriminerande. Det handlar om å tenne ein motbrann mot den omfattande kvardagsdiskrimineringa som romanifolket framleis er utsett for i Norge. Det handlar og om å forebyggje ny diskriminering.
For det femte: Det hastar med å setje i gang det som må bli eit vedvarande arbeid med å ta vare på det muntlege språket, utvikle romani som skriftspråk og sørge for at ungar får rett til opplæring i romani i den offentlege skolen. Dette er enda muleg, men vi skal ikkje undervurdere motkreftene. Det grunn til å hugse på det redaktøren i Utrop peiker på: ”I regjeringens liste over integreringstiltak er det ikke et eneste tiltak som er ment å bidra til at innvandrere kan beholde sitt språk eller kultur.”
***
Dessutan vil eg til slutt seie at ikkje berre staten, men også både norske kommunar og norske avisredaksjonar bør undersøkje og dokumentere si eiga historie både når det gjeld omtale av romanifolkets kultur og levesett og eiga støtte til eller avstandtaking frå taterutryddings-politikken på 1900-talet. Dette kan bli naturlege, lokale avgreiningar av arbeidet i Sannhetskommisjonen.
I eit etterord til Nasjonens Barn skriv Bernt Eide og Ellen Aanesen bl.a.:
Mange norske kommuner bør undersøke sin egen historie. Grue, Eide, Flå i Hallingdal, Orkdal og Trondheim har for eksempel gode grunner til det. En slik liste over kommuner kunne bli svært lang.
Dei lokalpolitikarane og dei lokaalavisredaktørane som tar denne utfordringa, kan yte viktige bidrag til eit integreringsarbeid som fortener namnet.
Derfor vil eg runde av med å vri litt på setningane frå den unge jenta eg møtte i geriljarørsla i dei kurdiske fjella for 12 år sia:
”Et samfunn som ikke kjenner historien er glemsk. I en slik sammenheng er norske kommuner svært glemske, fordi de ikke kjenner sin egen rolle i romanifolkets historie.”
Eg ønskjer dykk lykke til i det vidare arbeidet for romanifolkets rettigheter og for romanikulturen.
Erling Folkvord
Håkonsgate 11 b
0652 Oslo
Epost: erfolk@online.no